ja ulla,
har hatt planer om å bygge noko tilsvarande lenge. men kor eg enn snur det, så har eg ikkje verktøet for å t.d. feste plankane til treet. (her tenkjer eg på tredje linken, der dei berre har brukt bjørketrær). slik som eg ser det må ein kunne frese inn i hovedstammen, beint, og i akkurat riktig bredde for at planken skal passe inn.
ein kunne brukt sånn små metall-hylleknekter, men i.o.m. at treet er rundt og ikkje noko vegg, så hadde det ikkje vore nok stabilitet om ein kun bruker hylleknekter, om du skjønner kva eg meiner. det er rett og slett ikkje nok kontakt-areal mellom den beine planken og runde treet for at hylleknekter funker skikkeleg.
og korleis skal ein kunne feste planken mot bjørketregreinene på andre siden? veit ikkje heilt korleis eg kan få det stabilt...
sovehus er sikkert enkelt å få til om ein ikkje har store krav til fine tre-mot-tre-forbindelser. (veit ikkje korleis alt dette heiter på norsk, da.)
stabilitet av sjølve treet kan eg enklere resonnere meg fram til. sjølve treet må få større fundament, altså må ha ein stor flate å stå på. så kan ein også skru denne flaten mot gulvet (det går her hjå meg, har tregulv). også skrus fast på taket.
om ein ikkje kan skru fast treet på gulvet, så kanskje med betongfot? eller er det overdreve?
men uansett, med min håndsag, hammer, øks og håndstikksag kjem eg ikkje langt. iallefall ikkje om eg virkeleg må kunne frese.
heike