i dag var altså beistet hjå dyrlegen, igjen. som dei flerste her veit så er beistet ein dreven slåsskamptaper, så vi er innom dyrlegen sånn ca kvar tredje månad i gjennomsnittet. dette betyr at eg har fått sammla ein del erfaring med dei forskjellige dyrlegene i bergen by.
eg begynner å bli svært oppgitt av dyrleger, og tenkte å dele erfaringene mine med dere andre her på forumet, slik at dere slipper å sammle eigne dårlege erfaringer. for det er ikkje kjekt når dyrlegen føkker det til, det går ut over kattene.
dyrlegeklinikker finns det mange av her i bergen, og det går ikkje an å sei at dyrlegeklinikk A er dårleg mens klinikk B er flink. ein klinikk består av mange dyrleger, og nokre av dei er gode og nokre av dei er ikkje det, endå dei jobber på samme sted. i praksis betyr det at ein må ringe rundt for å høre kvem som er på jobb i kva klinikk også legge opp dyrlegebesøket etter det.
og siden det er så avhengig av enkeltpersoner, så handler dette innlegget om personer.
eg begynner med dei dårlege erfaringene:
1) dyrlegen som har skylda på den største smerten og lidelsen beistet har vore gjennom jobber på petvett i eidsvåg.
beistet hadde vondt i halen sin, men såret kunne ikkje sees pga pelsen. siden beistet hadde så vondt blei beistet aggressiv når nokon skulle ta i han. dyrlegen lot difor vere å sjå på såret og ga kun sprøyte med antibiotika. om eg hugser rett så skjedde det på ein torsdag, og beskjeden vi fekk var at dersom det ikkje skulle vere bedre på mandag måtte vi komme innom igjen.
fredag kveld/natt til laurdag var det totalt krise, og andre katteeigere ville kanskje lyttet til veterinæren og ventet til mandag, men vi tok altså turen til ein annen dyrlege på laurdagen. det viste seg at det var 2 djupe sår i halen, så djup og stor at virvlane i halen var synleg. heile halen var tjukk og betent og beistet hadde veldig vondt.
behandlingen av halen har tatt til sammens ca 4-5 veker, og det var nesten slik at halen måtte amputeres.
all denne smerten og lidelsen som beistet hadde kunne ha blitt unngått dersom dyrlegen ved petvett i eidsvåg hadde gidda å ta ein titt på det som gjorde beistet vondt.
eg har forhørt meg litt med både bekjennte katteigerer, ei vennine som er menneskelege og andre dyrleger, og det er absolutt feilbehandling å ikkje sjå på såret. det som dyrlegen bør ha gjort, det er å sjå på såret, barbere pelsen rundt (hår i sår bærer smitte og forurenser, pluss at du ofte ikkje kan sjå såret om du ikkje barberer), rensket og desinfisert såret samt forklart meg korleis eg rensker såret sjølv mens beistet grt på antibiotikakur. slik kunne han unngått at det går betennelse i heile halen.
men det gjorde han altså ikkje.
dersom du har lyst å unngå denne dyrlegen, så skriv pm til meg, så får du navnet til denne dyrlegen ved petvett i eidsvåg.
2) dyrlege på askøy som behandlet halesåret gjorde ein god jobb og såret grodde, beistet fekk beholde halen sin.
og mens dyrlege 1) ikkje i det heile tatt tok i såret, så rota ho skikkeleg rundt i det, prika i det, dro litt i det, og rota litt til. det var jævlig jævlig jævlig vondt for beistet. eg meiner at ho bør dopet beistet ned for å spare han denne lidelsen. Alette her på forumet var vitne til behandlinga, ho veit kva eg snakker om.
iallefall så er denne dyrlegen ei dame som har bein i nesen, men som tek altfor hardt i. om du skal bruke ho må du som katteeiger be om å få katten dopet ned og smertestillende til katten. det tenker ho ikkje på sjølv. for ho er det heilt normalt å få reve opp armene etter katter som har det vondt, og det bryr kanskje ho seg ikkje om, men eg bryr meg om katten min.
det var forferdelig å sjå beistet ha det sååå jævlig.
behandlingen var brutal.
dersom du har lyst å finne ut kvem det er, så spør via pm.
3)dyrlege under puddefjordsbrua.
her blei beistet kastrert. heilt i begynnelsen på dagboka mi her på forumet kan ein lese korleis det var. (
http://www.katteprat.com/forum/index.php/topic,1629.msg16123.html#msg16123)
beistet blei dopet ned såpass, at han var vekke i over 12 timer. det er absolutt ikkje slik det skal vere, for narkose er stor belastning på kroppen. til å sammenlikne så var pøbel våken da eg fekk han tilbake, litt slapp i ca 2 timer, også peste og leikte han resten av kvelden.
at denne lange narkosen ikkje kun var eit uhell bekrefter ein til hendelse ved samme dyrlegen, nemlig den avrevne ørespissen til beistet. den hang på og dinglet, og eg var ikkje der men ba ein kompis gå til dyrlegen med beistet og kompisen brukte den under puddefjordsbrua. det som skulle til var kun å skjære av ørespissen med eit sterilt kutt og desinfisere såret, evtl antibiotika.
for eit lite kutt på 2mm blei beistet narkotisert slik at han var vekke i ca. 14 timer. dette er uforsvarleg, og det virker som om det er rutinen ved klinikken under puddefjordsbrua.
jepp, dette var dei største feilene vi har opplevd. resten er mindre alvorleg, slik som i dag.
4) dyrlege på stend.
du kan lese her
http://www.katteprat.com/forum/index.php/topic,1629.msg270515.html#msg270515sjølve behandlingen som beistet fekk virker ok, men likevel vil eg ikkje bruke han igjen dersom eg kan velge.
no kjem dei gode erfaringene.
1) dyrlegen på stend som behandla beistet for UVI.
ho forklarte kjempe mykje av det ho gjorde og korleis ting heng sammen, ho tok seg tid, ho forklarte meg kva eg måtte gjere for å stelle med beistet etterpå. ho virka som om ho veit kva ho driv med og som om ho brenner for det.
dersom du gjerne vil vete kvem det er, så spør via pm.
2) dyrlegen som behandla beistet da han hadde sår på øyelokk, eidsvåg, petvett.
har vel også brukt ho på vaksine og andre småskader på beistet. ho er flink, forklarer, tek seg tid når ho kan.
ho virker kompetent og interessert i faget sitt.
dersom du gjerne vil vete kvem det er, så spør via pm.
3) dyrlegen som kastrerte pøbel, eidsvåg petvett.
diverre veit eg ikkje kvem av dei ansatte dyrlegene det var som kastrerte pøbel, men wow. i forhold til beistet var kastrering for pøbel så lett som å spise kake. pøbel var fit samme kvelden, og alt grodde fint.
så, det vel det.
som eg sa før, dersom du har lyst å få ein god dyrlege, så ring rundt og hør kvem som er på jobb. dyrlege er ikkje lik dyrlege.