Då er det altså avgjort. Elsklingane mine blir ikkje med på flyttelasset.

Har leita og stressa i det vide og det breie, men ikkje funne noko løysing. Heldigvis er det eit lyspunkt oppi heile elendigheta: DB i Tromsø har sagt seg villig til å ta dei inn. Då veit eg i det minste at dei frå det bra der dei kjem.

I dag har me vore hjå dyrlegen: Vaksine, ID merking, helsesjekk og ormekur.
Klarer å holde maska på jobb, men om ettermiddagane triller tårene nesten ukontrollert. Det var jo ikkje sånn det skulle bli!
