Eg er einig i mykje av det som blir sagt i innlegget, men eg kan ikkje sei eg likar måten det blir lagt fram på.
Å sjå ned på andre og "kjefte" er, etter mi meining, ikkje den beste måten å få fram bodskapen på. Eg trur det hadde vore betre å opplyse utan å måtte ty til fornærmingar. Syns denne måten å skrive på er litt barnsleg, noko som igjen fører til at artikkel- forfattaren mistar truverdighet. Noko som igjen fører til at eg ikkje tar innlegget heilt seriøst.
Folk set seg rett og slett i forsvars modus. Kven vil vel innrømme for seg sjølv at dei er ein egoistisk drittsekk utan evne til empati?
Kanskje ein meir sympatisk vinkling i form av noko sånt;
"Sjølvsagt er det kjekt å sjå dei glade borna, men er det verkeleg verdt å måtte ta livet av eit kattekull for? Er der ikkje andre måtar ein kan underhalde borna på?",
ville opna augo til fleire.
No er eg ikkje den beste forfattaren, så eg lar det vere med det eine døme og håpar de forstår kva eg meina. :wink[1]:
Eg trur ein stor del av grunnen til at vi har for mange kattar, er uvitenhet. Vi veks opp og blir automatisk opplært til at kattar er sånn og sånn. Og i mange tilfelle trur ikkje ein treng kjefte for å få folk til å forstå at det ikkje nødvendigvis er riktig.
Har ei veninne som har hatt gardskatt i alle år. Ingen i den familien har nokon gong kastrert kattane, til tross for at at dei gong på gong måtte avlive dei kattungane. Så fekk dei eit nytt kull, og etter <lang historie/> vart det bestemt at eg skulle få kattunge frå dei. Eg dreiv jo å snakka mykje med veninna mi om katt. Sa litt om at det var dumt at det var alt for mange kattar i landet o.l.
Eg prøvde aldri antyde at ho burde gjere noko med sine kattar (då ho kanskje oppfatta det litt sånn av og til), men no er kattane kastrerte. Dette er ikkje takka meg, men ho. Det var ho som endeleg banka i bordet og krevde at foreldra kastrerte kattane sine.
Sjølvsagt funkar denne "gi folk dårleg samvit strategien" på nokre. Men at folk behandlar kattane så dårleg, tyder vel kanskje på at dei fleste manglar litt i den kategorien.
Det eg har skrive no, er sjølvsagt berre mine meiningar og spekulasjonar.